Idrettslivet og kulturlivet blomstra

Fabrikkane gjekk for fullt på 1950-talet. Nye arbeidarar kom til, og lags- og foreiningslivet blomstra.

Arne Musikforening heldt då som alltid eit høgt nivå, og i 1954 gjekk tonane deira over radio med eigen konsert på NRK.

Ved det storslåtte 75-årsjubileet i 1952 gjesta Musikkselskapet Ytre Arna og heldt konsert i Sentrum.

På bildet Arne Musikforening i 1952.

Arnalaget som blei kretsmestrar i fotball i 1962

På Arna Stadion rulla fotballen, og rundt 1960 fekk Arna fram eit framifrå lag. I 1962 blei dei kretsmestrar.

Referat amatørkonkurranse i Samhold 11.mars 1955

Arne Sangforening arrangerte årlege amatørkonkurransar i Samhold. Lokale talent fekk visa seg fra. Alltid fulle hus.