Posten i Ytre Arna
I 1875 vart Arne Poståbneri åpna. Adressa var Liavegen (no Nordstrandsvegen) 2 og 4. Poståpnaren budde i huset til venstre, og poståpneriet var i huset til høgre.
Posten heldt til her til i juni 1984. Då flytta posten opp i Ullvarefabrikken , i etasjen under det gamle Restutsalet.
Frå 2001 har det vore post i butikk i Prix.
Ulike postadresser gjennom åra
Fram til 1890 var postadressa Arne. I 1890 vart navnet endra til Ytre-Arne, så i 1921 til Ytre-Arna, og etter 1931 Ytre Arna. I 1970 kom postnummeret 5265.
Ved folketeljingane i 1855 og 1865 er fabrikkstaden kalla Blindheimselven. Frå 1875 til 1920 er staden kalla Arne Fabrikker, og frå 1920 Ytre Arna.
Navnet Arne er nok ei fordansking av Arna. Rundt 1920 vart navnet Arna gjeninnført i stor grad. Skulen på staden heitte såleis Arne Fabrikkers skole fram til 1929 då den vart kommunal og skifta navn til Ytre Arna skule.