Lange arbeidsdagar og låg løn

Gutar og jenter, menn og kvinner strøymer til for å få arbeid i fabrikken. Det er lange arbeidsdagar, frå klokka fem om morgonen til klokka åtte om kvelden. Alternativet var gjerne å ta ein tenestepost for jentene, arbeida som dreng på ein gard for gutane, eller flytta til byen.

Arbeidarane ved Arne Fabrikker i 1890

Løna var heller ikkje høg, og fabrikkherren streng. Men dei fekk arbeid innandørs, og dei fekk ein plass å bu i arbeidarbustadane til fabrikken.