Arbeidarane ved Arne Fabrikker organiserer seg
Gjennom heile 1800-talet hadde fabrikkeigarane ved Arne Fabrikker all makt. Dei bestemte suverent kven som skulle få arbeid og kven som måtte gå. Dei fastsette løna og bestemte kor lang arbeidsdagen skulle vera.
I 1900 vart Arne Arbeiderforening stifta. Det var det første forsøket frå arbeidarane si side på å organisera seg. I 1908 meldte dei seg inn i Arbeidsmandsforbundet. Fabrikkleiinga ville ikkje ha noko av organisering, og den første leiaren, Bastian Haugland, var oppsagt. Han kom aldri meir inn i fabrikken.
Etter ein streik i fire månader året etter fekk fagforeininga en knekk. Først i 1919 vart Arna Tekstilarbeidarforeining stifta. Denne foreininga vart etter kvart akseptert av leiinga og fekk gå i forhandlingar om løns- og arbeidsforhold.
På bildet dei tre første fagforeiningsleiarane, Bastian Haugland, Mikal Reigstad og Marthinus Loftås.