Andre verdenskrig
Det vart raskt tysk aktivitet i Ytre Arna og området rundt etter at Norge blei okkupert 9.april 1940.
På Liafjellet og Gaupåsen vart det oppretta stillingar. Samhold blei rekvirert av tyskarane i delar av krigen. Lagsarbeidet vart lamma til å begynna med, men utover i krigen vart det arrangert illegale idrettskonkurransar. Sanitetsforeininga kom til å bli viktig i desse vanskelege åra.
32 menn frå Ytre Arna gjekk inn i Milorg mot slutten av krigen, og 17.mai 1945 kunne dei marsjera over Torget i eit fritt Norge.
Arne Fabrikker sleit med råvaretilgang i begynnelsen av krigen, men seinare tente fabrikken gode pengar. Då krigen var slutt, var Sentrum reist og fabrikken hadde pengar på bok.