Kommunikasjonane blir betre

Det var sjøen som i uminnelege tider hadde bunde bygd og by sammen. Den første tida etter 1846 frakta fabrikkane varer til og frå Bergen ved å ro dit. I 1864 sette Peter Jebsen inn dampskipet Arne i fabrikkens teneste og i trafikk på fjordane nord for Bergen. Då blei byreisa lettare.

Men vegane ut frå fabrikkstaden stod det dårleg til med. Til Indre Arna vart det bygd veg på 1850-talet, og til Åsane kom vegen i 1884.

Vegane på sjølve fabrikkstaden var meir som stiar å rekne, men frå 1910 og utover vart dei utbetra. I 1919 vart vegen frå kyrkja, ned til bomullsvarefabrikken og vidare til Liahaugen bygd.