Den første foreininga

Sjølv med lange arbeidsdagar og berre søndagen fri, følte arbeidarane trang til å gjera noko meir enn å arbeida, eta og sova. Folket på staden budde tett, og det gjorde det lettare å koma sammen og danna lag og foreiningar. Det første sporet av dette er Arne Misjonsforening i 1864. Føremålet var å fremja "Guds Riges Udbredelse blant Hedningerne". Etter kvart kom det fleire religiøse organisasjonr til.

Bildet viser kvinneforeinininga Trelagd.

Forsamlingshuset, bygd i 1866

Dei første møta til foreiningane vart halde i halvferdig fabrikkbygningar, i det gamle skulehuset eller under åpen himmel. Men i 1866 vart forsamlingshuset bygd. Statuttane seier at huset skal brukast til religiøse oppbyggingsmøte, underhaldande, vitenskapelege og historiske foredrag.