Alkohol og avholdsforeiningar

Alkoholen var eit problem på fabrikkstaden som elles i det norske samfunnet på 1800-talet. Arbeidarane tok seg gjerne ein tur på sjappen og blei stitjande og drikka utover kveldane. Sjappen er den store bygningen midt på bildet.

Arne Totalavholdsforening blei stifta i 1885

Drikking skal særleg ha vore eit problem i 1870-og 1880-åra. Kvinnene kom og såg etter mennene sine og lova at det som dei skulda på Sjappen aldri skulle betalast tilbake. Kvinnene var i fleirtal av medlemmene i avholdsforeninga.

Den viktigste oppgava var å få stoppa skjenking i Ytre Arna, og i 1895 vann dei denne kampen då kommunestyret forbaud alkoholservering på staden.

Losje Trygg blei stifta i 1895

I 1895 blei Losje Trygg stifta. Losjen hadde kampen mot alkoholen som viktig oppgave, men som ein del av godtemplarrørsla gjekk arbeidet og ut på å utvikla heile mennesket.

Avholdsforeninga hadde 238 medlemmer i 1910 og Losje Trygg 143 så seint som i 1945. Både menn og kvinner var medlemmer, og Losje Trygg hadde og ein stor barnelosje.