Peter Jebsen kjøper Blindheimselva

Peter Jebsen var fødd i Broager kommune i Slesvig i Sør-Danmark. Han hadde kome til Bergen som 19-åring og hadde arbeidd hos kjøpmenn i Bergen eit par år. Men han bar på ein ide. Ute i Europa var den industrielle revolusjonen i gang, og Peter Jebsen tenkte at det måtte gå an å få i gang fabrikkdrift i Norge og.

Han skriv under kontrakten på bonden sin rygg

Han begynte å sjå seg om etter ei elv som kunne driva maskiner. Ein søndag går han over fjellet frå Bergen og oppdagar Blindheimselva. Han kjøper elva av bøndene på gardane Ytre Arna og Breisteinslid, og han skriv under kontrakten på bonden sin rygg.