Arbeidarane budde lenge svært trongt
Erik Røskeland fortel: "Eg kom til Arna i 1865. Då laut me bu 13 gutar på eitt rom". Bildet viser eit gammalt hus i Haugen.
Frå «Gatå» rundt år 1900
I "Gatå" budde budde det ei tid 10 jenter på eitt rom. Sengene var fastspikra på veggane. Kister og skrin stod inne i rommet, og dei var til å sitta på. Noko bord var det nesten ikkje plass til.
Gamle hus i Haugen
Det var oftast tre familiar om kvart kjøkken. Dei måtte byta på å koka. Kjøkkenskap, matbuer eller vedbuer hadde dei ikkje. Gryter og anna som høyrde til på kjøkkenet sette dei inn under sengene når det var vaska og stelt.