Ytre Arna Historielag og Ytre Arna Museum
Det gjekk 25 år frå Arne Fabrikker vart nedlagt før ein gjeng eldsjeler fann ut at her måtte noko gjerast. Den unike historia til Ytre Arna måtte fram i lyset.
Ytre Arna Historielag vart stifta i 2004
Historielaget begynte straks å samla inn bilde og ting som kunne brukast i ei utstilling. Og folk kom med Arne Laken, skulepultar, protokollar, fotoutstyret til Øybø, varesykkelen til G. Aasgaard, benker og medisinflasker frå apoteket og bilde som dokumenterte livet på staden.
Ytre Arna Museum åpna nye lokale i 2013
Etter intens jobbing kunne eldsjelgjengen stolt åpna Ytre Arna Museum i 2013. Og folk på staden har visst å setja pris på museet.
Museet er ei stifting og blir drive av 30 frivillige vaktar som held museet åpent kvar dag bortsett frå mandagar året rundt.