Kyrkje i Ytre Arna i 1899
I Indre Arna vart det bygd kyrkje i 1864. Når folk i Ytre Arna skulle til kyrkja, gjekk dei eller rodde. Fabrikken heldt eigne kyrkjebåtar.
Men i 1895 skreiv Jürg Jebsen til prestane og heradstyret at han ville bygge kyrkje i Ytre Arna. Soknerådet og heradstyret gjorde då vedtak om dei samtykte i at det kunne bli bygd kapellkyrkje i Ytre Arna og at det skulle bli halde gudsteneste her annakvar søndag.
Kyrkja er lik den som står i Berger i Vestfold. Den er bygd av Peter Gabrielsen og teikna av arkitekten Schak Bull.
Takkediplom frå "Arne Fabrikers befolkning"
Eit takkediplom med 300 underskrifter vart gitt til Jürg Jebsen for at han hadde bygd kyrkje i Ytre Arna i 1899.