Samhold blir bygd i 1897
Det første forsamlinghuset blei bygd i 1866. Organisasjonane fekk bruka huset, men under streng kontroll frå fabrikkleiinga. Nokre følte at reglane blei for stramme her, og i 1893 tok Læse- og Samtalelaget Fram initiativet til å få reist eit nytt forsamlinghus. Det vart bygd på dugnad, og huset åpna dørene i 1897. Huset var eigd av følgande foreiningar: Læse- og Samtalelaget Fram, Arne Turnforening, Arne Musikforening, Arne Sangforening, Arne Totalavholdsforening og Losje Trygg. Seinare kom Arne Arbeiderparti med som eigarar.