Storheitstida for Arne Fabrikker og Ytre Arna
Krigen er ferdig. Sentrum er bygd.
I august 1946 er det storstilt 100-årsjubileum for Arne fabrikker. No kjem storheitstida for Arne Fabrikker.
Bildet viser avduking av monumentet av Jebsen-brørne på Torget.
Arna Stadion blir åpna i 1951
I 1951 blir Arne Stadion åpna, den første grasbana i Hordaland. Fotball, friidrett og turn får ein flott arena.
Ved Arne Fabrikker er det over 1100 arbeidarar i begynnelsen av 1960-talet
Etterspurnaden etter varer er enorm i Etterkrigs-Norge. Arne Fabrikker produserer det dei maktar, og det er skrikande behov for arbeidskraft. No kjem dei reisande langvegs frå. Helgelandsjentene inntar Ytre Arna.