Bilen kjem til Ytre Arna
Då vegane vart utbetra, kom bilen til Ytre Arna. T. Ådland og T. Reigstad starta den første bilruta mellom Ytre og Indre Arna i 1921.
Bildet viser ein av dei eldste drosjene i Ytre Arna med Peder Presthus som sjåfør.
Bussen som gjekk i rute Ytre Arna-Bergen
Denne stilige bussen gjekk i rute mellom Ytre Arna og Bergen. Eigar var Karl Oscar Rønhovde.
Etter kvart kom det fleire bilar på vegane. Langeland Transport køyrde varer for Arne Fabrikker, og brørne Sigmund og Kristian Langeland for G. Aasgaard AS.
Første bil på Haugland
Johan Haugland hadde denne bilen, ein Chevrolet, på 1930-talet. Framme på motorkassen ligg ein sekk med minkfor. Det lukta så dårleg at han kunne ikkje ha det inne i bilen.