Eit samfunn veks fram rundt fabrikkane
Eit heilt samfunn veks fram rundt fabrikkane. Det første er bustader og butikkar. Bygningen til venstre er den første arbeidarbustaden, Langebygningen, bygd alt i 1847.
Arne Forbruksforening starta opp i 1867
På gardane der arbeidarane kom frå var folk stort sett sjølvhjelpte, men på ein fabrikkstad vart det bruk for å kjøpa mat og andre nødvendige varer. Arbeidarane gjekk sammen, og danna ein kooperativ forretning, Arne Forbrugsforening i 1867. Den låg rett ovanfor bomullsvarefabrikken og er Norges eldste samvirkelag.
G.Aasgaard starta opp i 1875
Heilt nede ved sjøen starta Gudmund Aasgaard opp butikk i 1875. Denne vaks veldig utover 1900-talet og skulle bli "Vestlandets første kjøpesenter".