Ytre Arna veks fram til eit komplett samfunn
Ytre Arna veks etter fram som eit komplett samfunn. Fleire butikkar kjem til, med G. Aasgaard og Arne Forbrugsforening som dei største. Haus Sparebank blir åpna i 1866. I 1883 slår doktor Henrik Krohn seg ned på staden, og det blr bygd to sjukehus. Arne Poståbneri kjem i 1875, Arne Apotek i 1903.
Folk på fabrikkstaden og i bygdene omkring får no alt dei treng her. Ein treng ikkje lenger ta den lange reisa til Bergen når ein hadde eit ærend.