150-årsjubileum for Arne Fabrikker
Fabrikken, navet som alt dreide seg om i Ytre Arna, var vekke. Butikkane og tenestetilboda forsvann og etter kvart til Åsane og Indre Arna. Den gamle fabrikkstaden måtte orientera seg i ei ny tid.
I 1996 var det 150 år sidan Arne Fabrikker vart grunnlagt. Arne Sangforening sette då opp syngespelet Elvæ. Den tok for seg heile historia sidan 1846. På bildet kjøper Peter Jebsen Blindheimselva av bonden.
I Forbruksforeningje
Syngespelet blei ein stor suksess. Mange gjekk ut frå forestillingane med ein tanke: Oj, vi har ei stolt historie. Den må vi ta vare på.
På bildet er Thor Kalland handelsmann og Kjersti Presttun kunde i Forbruksforeningje.