Krise og framgang

Lite hadde skjedd med dei gamle fabrikkbygningane sidan 1800-talet. Dei låg der med sine tjukke gråsteinsmurar. På 1920-talet var det krisetider for fabrikkane med to- og tredagars veke.

Bygging på ullvarefabrikken

I 1928 vart det tilsett to nye direktørar. Alf N. Bonde i ullvarefabrikken og James Wiiliam Fenton i bomullsvarefabrikken. Desse to sette i gang eit storstilt utbyggingsprogram.

Utbygging av Bomullsvarefabrikken rundt 1930

Samtidig med ei stor utviding av bygningsmassen skjedde det ei omfattande rasjonalisering og modernisering av maskinparken. Utover på 1930-talet peika pilene oppover for Arne Fabrikker og Ytre Arna-samfunnet.