Skulen i Ytre Arna

Den første tida gjekk ungane på fabrikkstaden på skule på Haugland. Her var det først omgangsskule. På Haugland vart første skulehuset bygd i 1875. Ungane til dei som ikkje arbeidde i fabrikken gjekk på skule her heilt til 1928 då skulen i Ytre Arna vart kommunal.

Første skulehus i Ytre Arna, 1857

I 1857 vart det første skulehuset i Ytre Arna bygd. Då var det 24 skulepliktige barn på staden. Mons Monsson Hauge vart første læraren.

Gamleskulen i Ytre Arna frå 1879

I 1879 vart det bygd nytt skulehus i Haugen. Då var det vel 100 elevar ved skulen. Navnet på skulen var "Arne Fabrikkers skole". I 1928 overtok kommunen, og den heitte etter dette Ytre Arna skule.