Sanitetsforeininga blir stifta i 1909
I 1909 vart Arne Fabrikkers Sanitetsforening stifta. Doktor Gudrun Kolderup var den første leiaren i over 20 år. Foreininga skifta navn til Ytre Arna Sanitetsforening i 1946.
Dette blei ei foreining som kom til å legge ned eit stort arbeid for Ytre Arna-samfunnet. Kampen mot tuberkulosen var ei hovedoppgave i lang tid. Heilt fram til 1975 løna dei sjukepleiar på staden. Opplysningsarbeid har og vore ein viktig del av arbeidet.
Sanitetsforeininga har gjennom heile historia hatt mange medlemmer, i fleire tiår over 600!
"Alle" har vore på dei berømte basarane til saniteten, og i februar prydar fastelavensris selde av saniteten mange heimar på staden.
Sanitetsforeininga lever i beste velgåande.