Ytre Arna ligg nær fjord og fjell

Ytrearnafolket hadde naturen tett på seg, og etter kvart som arbeidsdagane vart kortare, visste dei å utnytta denne til fulle. På fjorden kunne ein fiska, og det vart arrangert ro-og seglekonkurransar. Eller ein kunne nyta roen på fjorden ein stille sommardag.

Dugnad i Norhytta

Norhytta vart bygd av eldsjeler i Arne turnforening rundt 1910, og i området rundt vart det arrangert skikonkurransar , mellom anna i Sløyfebakken.

Feiring 17. mai ved Garnes si hytte ved Spåkevatnet i 1943

Ved idylliske Spåken vaks det fram ein hyttelandsby. Etter arbeidstid om laurdagen kunne dei som var så heldige å ha hytte her pakka sekken og legga i veg til sitt vesle paradis.