Vegar og telefon

I 1887 fekk Arne Fabrikker telefonlinje til Bergen.

I 1904 kom det telefonlinje til Haus, og då vart det åpna rikstelefonstasjon i Ytre Arna.Stasjonen var i skreddar Vevle sitt hus fram til 1939. Då vart den flytta til Leite Handelshus.

Veg til Indre Arna

I 1856 kom vegen frå fabrikkstaden til "Klevedals bro". Der kom den inn vegen frå Mjeldheimsnausta til Tungeland og vidare gjennom Langedalen til Bergen.

Vegen frå Indre Arna blei ombygd rundt år 1900.

Veg til Bergen over Åsane

Var det eit mindre ærend vart nokre faste menn bedt om "å springa til byd`n" over Hjortland, Flaktveit, Munkebotn og vidare til Bergen.

Først i 1893 vart det bygd veg frå Ytre Arna til Åsane.