Bilen kjem til Ytre Arna

I 1921 vart det starta bussrute mellom Ytre Arna og Bergen. Denne bussen gjekk fleire turar kvar dag. Her er bussen fotografert på Ole Bulls plass i 1925. Eigar var Karl Oscar Rønhovde.

Også mellom Ytre og Indre Arna starta det bussrute i 1921. T. Ådland og T. Reigstad fekk løyve til å køyre denne ruta.

Første bil på Haugland, på 1930-talet

Denne bilen, ein Chevrolet, tilhøyrde Johan Haugland. Framme på motorkassen ligg ein sekk med minkfor. Det lukta så dårleg at han kunne ikkje ha det inne i bilen.

Ein av dei eldste drosjene i Ytre Arna. Truleg tidleg på 1920-talet

Peder Presthus er sjåfør.