Sjøen var den viktigste transportåra frå og til den nye fabrikkstaden

Ein måtte ro den 3 mil lange strekninga rundt Steinestø og Salhus til og frå Bergen for å henta og bringa varer til fabrikkane.

I 1847 rodde Peter Jebsen og nokre karar til Trondheim på salsturne

Heilt i begynnelsen sleit fabrikken med omsetjinga. Jebsen fann ut at han måtte gjera eit framstøyt nordover til Trondheim. Han og to karar måtte ro på grunn av lite vind. Varene dei hadde med vart godt mottatt. Utan denne avtalen hadde Peter Jebsen lagt ned fabrikkdrifta i Ytre Arna og flytta til Amerika.