Festsal, men ikkje gymsal

Den nye Ytre Arna skule hadde ein flott festsal, men ikkje gymsal. Forholda for gymnastikkopplæringa var kummerlige.

Bygdanytt skriv i 1967: "Etter 15 års ventetid er gymnastikktilhøva ved Ytre Arna skule ein parodi. 25 elevar i kø i eit lite kjellarrom, med ei søyle i midten, dårleg ventilasjon og utan dusj. Lærarane må formana elevane om å ikkje satsa for fullt i tillaupet til "kassen", for elles renner dei hovudet i veggen. Dette er ein av "gymnastikksalane". I den andre - Samhold - er det plater for vindaugo så dagslys ikkje slepper inn. Det er ikkje ribbevegg og ikkje høve til tauklatring. 3 dusjar for 30 elevar i kjellaren.".

Først i 1981 vart skulen påbygd med gymnastikksal og symjebasseng og fem nye klasserom.