Det første skulehuset på Haugland

I 1875 vart det første skulehuset på Haugland bygd. Det låg nær svingen til Hauglandsskiftet. Dei ungane som ikkje hadde foreldre som arbeidde i fabrikken, gjekk på skule på Haugland heilt til 1928 då kommunen overtok det som til då heitte Arne Fabrikkers skole.