Det første skulehuset i Ytre Arna

I 1857 fekk barna til arbeidarane i fabrikken skule på fabrikkstaden. Den første skulen låg i nærleiken av eit av desse husa.

Skuletida var sett til 10 månader i året, men ikkje mindre enn 5 månader. Barna skulle gå sju timar kvar dag utanom lørdagen. Då skulle dei berre gå om føremiddagen.

Heilt fram til 1928 var det Arne Fabrikker som hadde ansvar for skuledrifta.