8) I 1936/37 er internatet ferdig ombygd. Verkstadsbygningane blei ombygd nokre år seinare.

Eit av skulens formål var å gje særleg landsungdom grunnlag slik at dei kunne arbeide sjølvstendig med produkter dei ville satse på og produsere etter avslutta skulegang. Men også å bli i stand til utføre arbeid på garden og i heimen var viktig.

I starten var det to kurs for året, kvar på fem månader. Dette viste seg å være for lite og frå hausten 1923 endra ein dette til eit kurs på åtte månader.

Det blei oppretta parallellklassar i 1934 og målarlinje i 1936 med eige bygg eit par år seinare.