1) Ivar Aasgaard, kjøpmann frå Ytre Arna var ein sterk pådrivar for etablering av skulen på Festtangen.

I 1917 var det ei oppmoding til Stortinget om å hjelpe husindustrien i Norge. Ein nedsett komitè kom med fleire forslag, og eit av dei var at det skulle opprettast ein statleg husindustriskule.

Kjøpmann Ivar Aasgaard frå Ytre Arna hadde sterk interesse av husindustri og kjende til statens planar om ein slik skule. Han fekk i 1920 overtalt styret i Haus sjølvhjelpskomitè til at ei skulle prøve å få skulen til vestlandet og Ytre Arna. Han var kjent med at AS Vestlandske Betonbaatbyggeri på Festtangen blei slått konkurs i 1919. Her var det eigna bygningar som kunne nyttast til skule.