4) Vedlikehald og økonomi i krigsåra

Knapt to månader før krigen starta var det styremøte ved Haus Arbeidsskule. Eit av punkta på agendaen denne dagen 17. februar 1940 var vedlikehald og kva som måtte gjerast noko med. Det var no nesten 25 år sidan første byggetrinn av huset blei reist og kanskje var det ikkje gjort så mykje vedlikehald desse åra.

Utvendig var takrenner nedbrotne av snøras og måtte skiftast ut. Bygning trong også måling.Også grunnmuren under nordre fløybygning måtte reparerast om ikkje lenge.

Innvendig var det fleire ting som ikkje var i orden. Det første var problem med kloakken og klosetta p.g.a frost. Haus Elektrisitetsforsyning hadde skifta ut sikringene i hovedtavla frå 60 amp. til 35 amp. Leidningsnettet tolte ikkje større belastning. Dette var for lite til enkelte maskiner og ville skape problem.

Komfyr i kjellaren var ubrukeleg og måtte bytast ut. På kjøkkenet til vaktmester var det ikkje damphette. Ny damphette måtte på plass snarast. Vidare var sirkelsaga på snikkarverkstaden heilt ubrukeleg og dreiebenken heilt utsliten og burde skiftast ut.

Den 19. mars hadde ein klart forslag til budsjett for 1940/41. Som ekstraordinære utgifter var det medtatt kr. 700,- til måling utvendig, kr. 650,-til ny sirkelsag og til slutt kr. 1.000,- til utbedring av grunnmuren mot nord. Bildet viser budsjett eit par år seinare.