1) Dette var bygget til skulen i starten. Tatt i bruk vinteren 1916/17

Husflidsforeninga på fabrikkstaden Arne fabrikker starta alt i 1910 med korte kurs i husflidarbeid. I starten var det ting som kravde liten plass som blei laga, f. eks. hampsko-sying, korgbinding mm. Frå 1913 blei det tilsett fast lærar, namnet Haus Arbeidsskule blei tatt i bruk og ein starta kurs i tresløyd. Framleis var det ein omgangsskule i leigde lokale, bl.a i Ytre Arna og Mjeldalen. Lærar Olai Vatle reiste frå område til område og underviste.

Høvelbenkar og anna utstyr kravde store areal og ønskje om eige bygg var stort. Løysinga på dette blei ei gåve på kr. 10.000,- (Ein stor sum den gongen) frå brødrene Ivar og Gustav Aasgaard. Dei hadde i 1914 oppretta eit minnefond etter foreldra, og dette skulle hjelpa husflidsaka i Haus herad.

Bygget skulle reisast i Ytre Arna og grunnarbeidet starta i 1915. Vinteren 1916/17 var det klart for innflytting. Plassen var på nedsida av vegen, rett innafor kyrkje og gamleheim. Huset fekk innlagt elektrisk straum og såleis kunne ein nytta elektromotorar til diverse maskiner som var innkjøpt.