5) Haus Forsyningsnemd skapar problem i krigsåra

Under krigen blei tilførsel av varer frå utlandet stort sett stoppa. For at fordelinga av det som var råd å få tak i skulle bli rettferdig blei det oppretta nemder, forsyningsnemder. Desse hadde mange oppgåver, bl.a utdeling av rasjoneringskort.

I Haus herad held nemda til i Ytre Arna. På vårparten 1942 var det ikkje nok kontorplass der nemda heldt til. Løysinga blei til slutt at ordføraren kom med krav til skulestyret om å nytta sløydsalen ved arbeidsskulen til kontor, førebels for eit år.

Dette ville bli ei dårleg løysing for skulen. No måtte ein starte opptatt med ambulerende kurs, noko ein hadde slutta med for mange år sidan.

I referat frå 20. nov ser ein at kurset som skulle ha starta 24. august på skulen ikkje blei igangsett. Først 23. november dette året fekk ein i stand eit ambulerende kurs. Jens Kvamme som hadde vore ved skulen i over 20 år var blitt sjuk og Henrik Eide tok over som lærer. Det heldt til i ungdomshuset på Tunes.

Om Haus forsyningsnemda hadde kontor ved skulen utover eit år som tanken var, veit ein ikkje. Kanskje blei dei værende der under heile krigen?