7) Også jenter var elvar ved skulen. Her eit bilde kring 1920-1930

Det var heilt frå starten sjølvhjelpskomitèen som var ansvarleg for økonomi og drift. Frå 1924 overtok Haus herad dette ansvaret.

Frå hausten 1947 blei den nye lova for framhaldsskular gjort gjeldande. I 1951 blei det klart for kommunen at ein måtte foreta ombygging av lokala for å tilpasse seg den nye skuleordninga og det blei løyvd penger til dette i heradstyremøte i juli dette året. Framhaldsskulen held til i bygget til ein flytta til den nye skulen på Liahaugen. Barneskulen flytta inn der i april 1956 men først til skuleåret 1957/58 var lokala til framhaldsskulen klar til innflytting

Ytre Arna folkeboksamling heldt til i kjellaren i bygget frå 1949 til 1970.