3) Bygget frå 1916/17 var for lite. Slik så det ut i 1919 etter ei større utviding

Det nye bygget inneheldt bl.a rom for ny møbelavdeling der Jens Kvamme blei tilsett som lærar. Vidare inneheldt det kontor for lærarar, husvære for vaktmester og fleire rom for elevar som måtte bu på skulen på grunn av lang skuleveg. Opplæringa var gratis, det same med husrom, lys og varme for dei som budde på skulen.

I 1920 blei det tilsett fleire lærarar, bl.a til dei ambulerande kursa som framleis var ein del av skulen. Det var ikkje berre gutar som var elevar også jenter.

Utviding av skulen og nye krav medførte pengevanskar, men økonomisk støtte frå heradet hjelpte slik at ein kunne halde fram. Likevel blei det vanskelege tider utover i 1920-åra og ein måtte redusere undervisninga.