Ein skule med plass til alle

I 1982 var både nybygg og den gamle skuledelen klare til bruk. Nybygget hadde kunstverk med eventyrmotiv teikna og måla av elevane både ute og inne. Og ikkje minst - skulen hadde plass til alle elevane. I samarbeid med bøndene i området hadde skulen Bergens beste uteområde, med store akebakkar og skiløyper om vinteren, turstiar og klatreløyper om sommaren og lavvo og gapahuk som vart nytta heile året.