Haugland skule

I 1954 var det høgtideleg opning av den nye skulen. Då hadde det gått 23 år sidan første søknad om nytt skulehus vart skriven. Men barnetalet auka raskt, og på 70-talet var skulen for liten. Skuleåret 1975/76 var det 94 elevar på skulen, og ein hadde eit stort behov for eit tilbygg. Det vart gjort vedtak om å utvide skulen.