La skulen leva
Utover på 2000-talet var skulen fleire gongar nedleggingstruga, og bygda har kjempa hardt for skulen sin, og vann fram fleire gongar. I 2016 var det igjen tid for kamp for skulen, men denne gongen var det ikkje muleg å få politikarane til å snu, og i juni 2018 gjekk dei siste elevane ut frå Haugland skule. Heretter skal elevane frå Haugland, Kvamme og Gaupås gå på Ytre Arna skule. Og skulen med Bergen sine finaste uteområde, med akebakkar, lavvo og direkte tilgang til Byfjella er historie.