På Haugland har det vore skule sidan 1700-talet

Dei første hundre åra var det omgangsskule, der læraren hadde tilhald på ulike gardar gjennom året. Bøndene vart pålagde å ha skule etter tur på gardane sine. Dei måtte og betale løn til læraren.