I 1895 vart det bygd nytt skulehus på Haugland

Dette skulehuset låg i Hauglandsskiftet, der J.S. Transport ligg i dag. Her gjekk borna frå Haugland, Kvamme og Gaupås på skule. Men og borna i Breisteinli og borna frå Ytre Arna som ikkje hadde foreldre som arbeidde i fabrikken gjekk på denne skulen.