Det første skulehuset på Haugland
Det første skulehuset på Haugland vart bygd i1875. Det låg i Johannessvingen like ved Hauglandsskiftet. Her fekk alle ungane på Haugland, Gaupås og Kvamme plass. I tillegg gjekk dei ungane frå Ytre Arna som ikkje hadde foreldre som arbeidde i fabrikken her.