På skule i bedehuset
På slutten av 1920-talet vart fabrikkskulen i Ytre Arna kommunal, og borna frå Ytre Arna og Breisteinsli fekk gå på skule der. Sidan skulekrinsen vart endra, lår skulehuset no litt i utkanten av den nye skulekrinsen, og ein ynskte ein meir sentral plassering av skulen. Det var store diskusjonar om kvar ein ny skule skulle liggje, men det var vanskeleg å verte enige. I 1947 vart det oppdaga at det var fare for steinras bak skulen. Ein var redd for at Kistesteinen skulle løsna, og rasa ned på skulen og skuleplassen, og skulen måtte stengjast omgåande. Då vart elevane flytta til det nyoppsette bedehuset. Dette var ei mellombels løysing, og det vart verkeleg fart i diskusjonane om kvar nye-skulen skulle liggja. Eir forslag om å slå skulen på Haugland saman med skulen i Ytre Arna, og flytte elevane til Ytre Arna vart raskt nedstemt. Ein vart einige om at skulen skulle leggjast omtrent midt i bygda, slik at ingen av skuleungane skulle få for lang veg å gå.