Sosialklubben til fabrikken.

I januar 1946 innvia direktør Bonde sosialklubben ved Arne Fabrikker. Klubben var eit fritidstilbud til dei unge einslege kvinnelege hybelbuarane ved fabrikken som det no var blitt mange av. Etter kvart vart det danna klubb for menn og.

Sosialklubben var eit pionertiltak. Truleg var klubben den einaste av sitt slag i landet, og tiltaket blei slått stort opp i aviser og vekeblad: "Vingesuset av en ny tid". "Tekstilarbeiderskene i Arna får sitt annet hjem".

Fabrikken tilsette ein sosialkonsulent. Dei søkte etter ei kvinne som kunne møta dei unge kvinnene "så å si på deres eget plan og arbeide ut fra dette når det gjelder å utvikle pikenes karakter".

Ein kunne gå på klubben for det sosiale, men det vart og arrangert kurs: kurs i sying, veving, baking, hermetisering og språkkurs for damene, mens mennene hadde ulike hobbykurs. Seinare vart det felles kurs: leikarring, målarkurs, fotokurs.