Gudrun Kolderup.
Gudrun Kolderup var i 1897 den niande kvinna som Norge som tok medisinsk embetseksamen.
Ho var først assistentlege hos doktor Krohn. Ho fylgde etter han som doktor i Ytre Arna og var det til ho døydde brått på eit sjukebesøk i 1931.
Ho la ned eit stort arbeid for å fremja folkehelsa på staden. I 1909 var ho med å stifta Ytre Arna Sanitetsforening, og ho var formann heilt til ho døydde.
Gudrun Kolderup er den einaste kvinna som har fått oppkalt ein veg etter seg i Ytre Arna. Ho var pioner på mange område. Ho tok på seg oppgaver som ikkje var tiltrudd kvinner på den tida.
Dei to første doktorane og assistenten deira i år 1900.
Henrik Krohn var doktor i Ytre Arna 1882-1913 og Gudrun Kolderup 1913-1931. Johan Rongved var assistent.