Arna Folkebad, bygd i 1908.
Dei hygieniske forholda på staden var det mykje å utsetja på. Vassforsyninga var lenge dårleg, og det var først eit stykke ut på 1900-talet at folk fekk innlagt vatn.
På eit møte i Samhold i 1905, der doktor Krohn heldt eit foredrag om badesaka, vart det vedtatt å bygga eit folkebad. Badet åpna i 1908.
I kjellaren i badet var det ein koksfyrt dampkjel, og badet hadde badstove, fem styrtar og to karbad. Seinare vart det installert elektrisk dampkjel.
Interessa for badet var heller liten, og badet sleit heile tida med økonomien, sjølv om kraftprisen på 1920-talet vart sett ned til 1 øre.
Fram mot krigen steig interessa noko. Etter 1929 heldt badet åpent annakvar fredag for skulebarna, og for folk elles annakvar lørdag, seinare kvar lørdag.
Badet heldt truleg åpent til ut på 1950-talet. Då Arnegården skulle byggast, låg huset slik til at det måtte rivast.