Sjukestova i Ytre Arna.

I sjukestova tok Anna Brun mot pasientar. Huset låg nedanfor kyrkja.

Doktor Krohn hadde særleg godt ry for operasjonar og amputasjonar. Derfor kom pasientar frå store delar av Vestlandet til den kjende doktoren. Han fekk bygd eit sjukehus der pasientane kunne verta opererte og seinare ligga i rekonvalesenttida.

Det var og eit anna sjukeshus på staden, nord for bomullsvarefabrikken. Dette vart nytta dei første tiåra i fabrikkstaden si historie til å plassera folk med smittsame sjukdomar.