Ytre Arna Pensjonistlag blir lagt ned. Bygdanytt 14.9. 2012
Utover på 2000-talet sleit Ytre Arna Pensjonistlag med rekrutteringa. Dette blir tatt opp i fleire artiklar i Bygdanytt. Det blir påpeikt at pensjonistlaga ikkje har så høg status hos dei unge pensjonistane. Mange går ut av arbeidslivet når dei er 62 år og er unge til sinns. Dei går på konsertar og revy, dei reiser til Syden eller storbyferie, drar på hytta eller feriehuset. Eller dei deltar i frivillig arbeid som senioruniversitet, seniordans eller historielag.
I 2012 bli så laget lagt ned. Den siste leiaren , Lilly Skulstad Heggen, fortel at no var det berre medlemmer som hadde vore med svært lenge. Dei yngre pensjonistane reiser heller til Syden, seier ho.
Kassabehaldninga blir delt mellom Ytre Arna Sanitetsforening og Ytre Arna Historielag, 11 500 kroner på kvar.
Sanitetsforeninga skal bruka pengane på tur for eldre. Historielaget skal kjøpa ny videokanon.
På bildet ser vi den siste leiaren, Lilly Skulstad Heggen, og leiarene i dei to laga som fekk pengane, Ragnhild Natland og Sollaug Damminger.