Doktor Henrik Krohn.
I 1882 vart Henrik Krohn tilsett som doktor i Ytre Arna. Fabrikkleiinga var med og tok initiativet, men det var i stor grad arbeidarane som betalte løna hans. På visse vilkår fekk arbeidarane gratis behandling. Han dreiv og sjukehusdrift i Ytre Arna.
Henrik Krohn var ein svært dyktig kirurg. I ein omtale av han heiter det "at han var berømt blant hele befolkningen fra det nordligste Møre til det sydligste Jæderen". I 1892 utførte han rundt 100 operasjonar.
Han sette djupe spor etter seg, ikkje minst gjennom eit vesen som gjorde at folk fekk tillit til han.
Doktor Krohns utsikt på Varegga.
Naturen var svært viktig for Henrik Krohn, og i 1948 vart det sett opp ein varde på Varegga som ber navnet Henrik Krohns utsikt.
I Arne Musikforening var han ein berebjelke. Tradisjonen med at musikkforeininga spelar første juledagsmorgon starta då dei spelte utanfor huset hans då han låg for døden i 1912.