Ytre Arna Apotek.

I 1903 fekk Ytre Arna apotek. Det låg nord for elva heilt til det vart flytta til Arnegården i 1963. Apoteket var i huset litt til venstre for midten på bildet. Adressa er Apotekarvegen 2.t

På åpningsdagen 25.juni var det offentleg tilsyn med distriktslegen i spissen. Tilsynet uttalte at "da alt var i orden, erklæres herved Arne apotek åpent for publikum".

Medisinpakkar vart sende til ulike stader på Osterøy, Modalen, Bjørsvik og Hjelmås med ferje eller båt. Via Garnes ferjekai gjekk medisinen vidare med tog til Trengereid, Vaksdal, Stamnes og Dale. Pakkane til Indre Arna, Arnatveit, Espeland og Haukeland gjekk med "brødbilen" til Aasgaard.

I tillegg til apotek og doktor hadde Ytre Arna butikkar og andre sørvistilbod, så folk frå distriktet rundt reiste i stor grad hit istadenfor til Bergen når dei hadde eit ærend.