Tannlege Gustav N. Aasgaard

Dårleg tannhelse var ein gjengangar i rapportane frå distriktslegen. Samanhengen mellom dårleg kosthald med fint brød og sirup og dårlege tenner vart løfta fram. "Piker med en perlerad av hvite tenner var en saga blott", vart det hevda.

Det var Ytre Arna Sanitetsforening som først tok opp arbeidet for å få ei skulehelseteneste. Heradsstyret i Haus vedtok i 1930 at dei fire første årsklassane skulle få tannettersyn.

Tannlege Birgit G. Aasgaard

Birgit G. Aasgaard og mannen Gustav N. Aasgaard flytta til Ytre Arna i 1938. Dei var skuletannlegar og dreiv privatpraksis i Haus fram til rundt 1970. Undersøking av barna blei foretatt på dei ulike skulane i kommunen. Med eigen bil og ein transportabel tannlegestol gjekk dette greit.

Kontortida om ettermiddagen og kvelden var mykje tilpssa ferjetidene på Osterøy. Dette var den einaste forbindelsen for folk på øya.